Vinje Bryggeri

Vinje bryggeri –  øl som fortel historiar

No ser eg atter slike fjell og dalar. Aasmund Olavsson Vinjes kjende strofe peikar attende til dei fjella han vaks opp med på garden Plassen i Vinje i Telemark. Når du kjem til Bøgrend langsmed E-134 i Vinje, ser du ganske sikkert Vinje bryggeri som ligg blant akkurat desse fjell og dalar midt mellom Oslo og Bergen, aust og vest og midt i sør-Noreg.

Vinje bryggeri er eit lite handbryggeri som har teke mål av seg å lage øl og fortelje gode historier frå Vinje.

Vi produserer og leverer øl til butikkar i Haukeli, Rauland, Åmot, Øyfjell, Haukeliseter og fleire serveringsstader og matbutikkar i Telemark.

Bryggeriet arrangerer òg quiz og konsertar ca 1 gong i månaden.

Besøk nettside