Vinje biletgalleri

Publisert: 05.06.2020 15:06

Nær 40 somrar i grenda Smørklepp sette sitt preg på kunstnaren Henrik Sørensen.

Midt i dette «målarlandskapet» finn du eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr.

Harald Kihle har og fått sin plass i galleriet. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.

Henrik Sørensen (1882 – 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom varme lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.

Harald Kihle (1905 – 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss «Det løynde Telemark» og lært mange å setje pris på kunsten.

Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.

Det er vandrerute frå Mjonøy opp til biletgalleriet.
Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: [email protected]

Tlf: 35069090

Mer info: Vest-Telemark Museum