Vest-Telemark Museum i Eidsborg

Publisert: 19.05.2020 22:05

VTM-Eidsborg med sitt nye moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og Noregs eldste ikkje kyrkjelege trebygning frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet, er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.

Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 45 like ved Eidsborg stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.

I det nye museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.

1. juli 2015 opna ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen, ein ekte husmannsplass og mange handverksaktivitetar. Kanalen er open for slusing i sommarsesongen.

I museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har og flotte og varierte temporære utstillingar.

Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om alternativ rein energiproduksjon..

Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var transportåra, og Eidsborgbryne vart tidleg ein viktig del av Nordsjøhandelen og vert rekna som vår fyrste eksportartikkel.

Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk eller lyfte fram særskilde tema. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på ca 150 m2, der me årleg presenterer nye utstillingar.

Mat:
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar også mat for catering.

Les meir om kaféen her.

Turmogelegheiter:
Er du glad i å gå tur, og kanskje lære litt historie i tillegg? Frå tunet på VTM-Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon.
Les meir her om bl.a.
Brynesteinvandring
Rui-plassen

I tuna våre kan du lære om byggjeskikken til Vest-Telemark,og me har både rikmannsstoger og husmannstoger. Særskild har lafteteknikken vore dominerande her, og om du vil kan du sjølv få prøve deg! Me har laftesett der barn og vaksne kan byggje sine lafta hus, med rominndeling, døropningar og vindauge.

Velkomen til Eidsborg!

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: [email protected]    Tlf: 35069090