Våmur Utkikkspunkt

Publisert: 05.07.2020 15:07

Det er eit herleg utsyn der vegen ligg på sitt høgste 400m over Fyresvatn som på det djupaste er 370 meter og ligg med det 100 meter under havets overflate.

Skulle ein tidlegare ferdast mellom Fyresdal sentrum og Kilegrend  var det anten å ferdast på vatnet om sommaren  eller på isen om vinteren. Over fjellpartiet  var det ein rideveg, men den var det sers vanskeleg og slitsamt å ferdast på. I 1876  kom innlandsbåten D/S Fyrisdal  i drft og det var eit stort framskritt. I 1950  vart det bygd ferdig bilveg over Våmur, all transport vart no enklare og ein fekk i tillegg ein turistveg med ei praktfull utsikt.

Link til Google Maps