Urdbøuri og Torsvegen

Publisert: 13.05.2020 12:05

Ved vestenden av Totak i bygda Arabygdi finn ein det som truleg er Nord–Europas største steinur. Den vert kalla Urdbøuri. Ura ligg på tvers av dalen og fyller heile området med stein.

Uravert rekna for å vere temmeleg gåtefull, dådalføret er for vidt og fjella ikring for lave til å kunne gje eit slik resultat. Derfor finnast det fleire segn om Urdbøuri. Det einesegnet seierat det var Tor med hammaren som slo hammaren sin i fjellet i vrede. Han vart rasande då han ikkje blei tilboden meir øl i eit bryllaup på ein gard som låg her. Steinmassane ramla nedoverpå folket og garden, men så glapp hammaren ut av henda hans og forsvann i steinura. Tor for så igjennom ura og kasta stein til side gjennom ura for å finna igjen hammaren sin, og det var slik Torsvegen blei til.

Urdbøuri blei også landskjend i april dagane 1940, då dei mange steingongane og hòlene her blei brukt som gøymestad for norske motstandsstyrker under kampane mot tyskarane.

Ved Urbøuri finn ein også ein merka tursti som vert kalla Torsvegen. Vegen er ca 1 km lang og gjeng tvers igjennom steinura. For dei som vi ta seg ein tur i den kjende ura er dette ein lett og fin tur, midt i ein attraksjon.

Slik kjem du til Urdbøuri 

Frå Haukeli: Ta av E134 og inn på rv 362/ Storegutvegen ca 2 km. Ta av mot Arabygdi og følgr v 362/Arabygdvegen. Etter ca 13 km kjem du til Urdbøuri. Vegen gjeng igjennom ura. Torsvegen er skiltet ved vegen.