Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden Midt-Svartdal. På garden er det mohairgeiter som produserer ull, og ulla frå desse geitene blir spunne til garn i mange kvalitetar. Telespinn spinn mange slag ull og er spesielt opptekne av å bruke virke frå gamle sauerasar som beiter i dette landskapet.
Telespinn ligg i eit gamalt kulturlandskap med eit spesielt biologisk mangfald. Området er kjent for å ha ei rik kulturhistorie og levande tradisjonar. Telespinn er opptekne av den særeigne tekstiltradisjonen som er knytt til kvinnenes arbeid, og som framleis blir halden i hevd. Eit besøk på Telespinn er eit djupdykk i fargar, tradisjonar og refleksjoner kring samanhengande mellom folk, dyr og natur.
Besøk gardsbutikken i åpningstida eller avtal omvisning og servering for grupper. Telespinn held gjerne foredrag om lokal historie og tradisjon. Ope etter avtale i tillegg til vanlege opningstider.