Soria Moria Sauna

Publisert: 14.05.2020 16:05

Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak!

Soria Moria er den første installasjonen i prosjektet «Vannvegens fortellingar» som er inndelt i 6 delar der kvar av kanalkommunane skal få sitt verk. Det er Telemarkskanalen regionalpark, saman med kommunane, som står bak prosjektet.

I Vannvegens fortellingar skal kunst, arkitektur og ljos brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs kanalen meir synlege. «Den bærande ideen er at tilreisande og folk som bur i området skal oppleve kanallandskapet på ein ny måte» fortel arkitekt David Fjågesund i Feste Landskap/Arkitektur. Fjågesund er ein del av det nordiske designteamet bak prosjektet som også har med ein landskapsarkitekt, lysdesigner og kunstar. https://feste.no/soria-moria

Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege.

«Gullsponen refererar også til kontrasten som oppsto mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800- tallet» forklarar David Fjågesund.

Landskapet rundt vil opplevast som dramatisk anten ein vel å sitje høgt oppe under taket der temperaturen er på sitt varmaste eller på den lågare plasserte benken. Og skulle ein bli for varm, vil ein dukkert i Bandak garantert vere avkjølande!

For alle

Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen.

Kor ligg badstoga? 
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her

Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering for rørslehemma nede ved badstoga etter avtale.

Kva må ein ha med?

– Handkle, gjerne to

– Badetøy

– Badekåpe om du har

– Badesandaler eller ullsokkar på vinteren

– Pose til vått badetøy

– Lue til etterpå viss det er kaldt

– Drikkevatn

Kor mange er det plass til?
Soria Moria har plass til maks 15 personar (då er det ein fordel å kjenne einannan godt)

Kva er prisen?

Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen.

1-5 personar kr. 250,-

6-10 personar kr. 500,-

11-15 personar kr. 750,-

Drop-in onsdag kr. 50 pr. pers.

Meir informasjon

Velkommen!