Skreppa – heimebaka flatbrød

Publisert: 05.07.2020 15:07

Skreppa sin spesialitet er heimebaka flatbrød.Grovt mjøl og Kviteseidsmør gjer Morgedalsbrauet særs velsmakande.Flatbrødet er laga etter gamal oppskrift og steikt på takke.Skreppa bakar og økologisk flatbrød.

Tri jentur i Morgedal satsa alt på eit sprøtt konsept. I 2001 begynte me å gjera næring av mattradisjonane. Me starta opp med eit ynskje om å få fram den gamle smaken av eit tradisjonelt flatbrød frå Telemark. Sjølv med meir moderne teknikk til hjelp, er stemningeni bakstestoga framleis magisk. Gjennom mange generasjonar har folk late seg «fange inn» av lukta, varmen, lyden av kjevla som rullar att og fram over leivane, og håpet om ei lita smaksprøve. Det skaper bilete og fører tankane bakover i tida.

Adresse: Morgedalvegen 24
3848 MORGEDAL

Besøk nettside