Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og er 17 meter høgt med tre utkikksplattformer.
Konstruksjonen tillet lys til å sleppe ut om kvelden slik at tårnet viser seg som eit lysande periskop i terrenget når det er mørkt. Vegen ut til tårnet er bygd av tre på pålar ned i våtmarka. Langs turvegen er det sett opp sitjebenkar.