Seljordsheii

Publisert: 14.05.2020 15:05

Lengde: 3,2 mil
Sykkeltidca: 2,5 – 3 t
Vegdekke: Asfalt og fin grusveg
Nivå: Krevjande

Seljordsheii er heile heiområdet sør for Seljord i retning mot Brokefjell og Kilen.
Følg sykkelstien gjennom Nordbygdi og vidare eit stykke langs E134. Ta til venstre mot Åsgrend. Vegen her har nokså høg stigning og kan vere tung. Fin grusveg over heia der ein eventuelt kan ta ein avstikkar til det gamle sjølvbergingsbruket Øvsttveiten.
Ein kan og nyte synet av Gullgråni som ligg øvst på jordet på Kvålsgard.
Ved Gåsdalen deler vegen seg, og turen tilbake til Seljord går til venstre ned bakkane mot Garvik.
Vegen til høgre går mot Kilen der ein bl.a. passerer Trollebotn og Dalsvatn. På ytre Øverland i Trollebotn kan ein besøkje den eldgamle Øverlandseika.