Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimedia-reise som startar 4 000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.
Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.
Til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!
Norsk Skieventyr, meir enn bare skimuseum
I skimuseet finn du også Kafé med ein spanande meny med rettar av lokale råvarer.
I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.
Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.
Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.
Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.
Velkommen til Norsk Skieventyr!
Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: [email protected]
Tlf: 35069090