Museumskafé Eidsborg

Publisert: 01.07.2020 19:07

Kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit, ein middag eller eit heilt selskap. Det er fritt utsyn mot Eidsborg stavkyrkje og friluftsmuseet. Rett ved kafeen er det fleire utstillingar og ein gåvebutikk, og utanfor finn du ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og båtar. I nærleiken er det også fleire historiske vandreruter.

Maten blir laga på eige kjøken, og bruk av lokale råvarer er viktig for oss. På menyen vår finn du både tradisjonsmat og nye, spennande rettar i sommarsesongen.

I kafeen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitje saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode, moderne lokale for møte, kurs, konferansar og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod, me kan arrangere møter for 2 til 60 personar.

Kafeen har gratis WIFI og ein innandørs leikeplass for born. Det går også an å sitte utanfor kafeen og i Kanalparken og ete.

Det er også Museumskafe på Norsk Skieventyr i Morgedal.