Mjonøy Bakeri & Camping

Publisert: 13.05.2020 14:05

Enten du kjem frå aust eller vest langs E 134, bør du leggje kvilepausa til Mjonøy i Vinje. I sommarmånadane har me ope kvar dag. Me har steinomnsbakeri, gardsmatutsal, kafe med middagsservering, kunstutstilling og handverksutsal. Alt samla i eit triveleg gardstun.

Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er er basert på råvarer frå Telemark. Du kan gå i bakeriet og forsyne deg av store, fristande skillingsbollar eller brød frå den vedafyrte steinomnen. Fristar det å bli lengre har me hytter som dekkjer ulike behov og i tilegg ein liten campingplass. På tunet kan du møte på ulike gardsdyr i høgsesongen.

Elvene Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn rett forbi og byssar deg i søvn.

Besøk Mjonøy