Kvipt Gjestegard

Publisert: 19.05.2020 15:05

Kvipt Gjestegard er ein gamal fjellgard som det har vore busetnad på sidan jernalderen. Garden har mange bygningar datert attende til 1500-tallet, og minner om eit typisk tun frå svunnen tid. I alt består bruket av 20 bygningar, der mange er verna og tatt godt vare på av tidlegare generasjonar.

Buskapen var stor, og det var i alt 4 støylar som høyrde til garden samt 3 husmannsplassar. Det var eit yrande liv av husfolk, tjenestefolk, kyr, geitar, sauer, grisar og høns. Garden har vore i ætta dei seinaste 600 åra, og i dag er den eigd av generasjon nummer 23, Olav Kvipt. Gjestfriheita står framleis høgt i fokus, og du kan den dag i dag kjenne lukta av nybaka flattbraud, rjomegraut, og kling i lufta.

Overnatting

Me tilbyr overnatting på garden i 4 forskjellige bygningar. Den eine er ei moderne høgstandard 2-etasjes lafta tømmer som har 2 bad, kjøkken med oppvaskmaskin m.m der det er plass til 8 personar. Hytta er plassert på ein kolle heilt aleine med utsikt over Birtevatn og Midtjønna. Du kan også bu på garden, i nasjonalromantiske omgivelsar med Telemarkskyr og tjørebreidde gamle bygningar. Det eine er eit stabbur frå 1710, innreidd med tidskorrekte himmelsenger, lite tekjøkken, kosleg sofakrok og nydeleg utsikt over Kviptetjønna. Her er det lagleg med 6 personar. Det andre stabburet er eit kopi av eit 1200-talls stabbur. Her er det også eit lite tekjøkken, samt himmelsenger til 6. Har du lyst å vere så nærme vannkanten som mogleg, har me ei tømmerhytte på gamle badstogetufta. Her er det plass til 4 personar. Alle husværa på tunet har tilgang til toalett og dusj i låven.

Servering

Har du lyst å smake på ein trerettar direkte frå fjellet? Då kan me anbefale at du tek turen innom Røykstoga. Røykstoga er ei gamal årestoge frå 1500-tallet, der me tilbyr kortreist mat frå garden. Her kan du bestille ulike rettar i form av fisk eller vilt. Her kan du til dømes velge om du vil ha nyfiska aure frå støylen vår Storelid ved Grøssavatnet, eller steik frå sjølvskoten elg frå garden. Me er også kjent for vår nydelege økologiske rjomegraut.

Aktivitetar

Kvipt ligg 620 meter over havet, og ligg sentralt til i DNT sitt løypenett i Austheiene. Her er mange fjellvatn med aure som er feit, fin og raud i kjøtet, så fiskestonga er lur å take med. Ein kan også bruke båt eller kano og legge fiskegarn om det er interessant. Har du lyst til å starte dagen med ein topptur ligg Kviptefjell like ved, her får du utsyn over heile Birtedalen, samt du kan kikke over til Gaustatoppen. Om sommaren høvar det godt å ta ein dukkert i eit av dei mange fjellvatna.

Besøk Kvipt Gjestegard