Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarvegen over til Stavanger. I sesong er det faste omvisingar.
Litt om Grimdalstunet
Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er loftet frå 1676 og det yngste frå slutten av 1800-talet. Her ligg husa slik dei alltid har gjort, og dette gjere denne fjellgarden til eit viktig dokument på bygningar og funksjonar som måtte til på ein gard i Vest-Telemark i naturalhushaldets tid. Og så er det her Anne Grimdalen er fødd og oppvaksen, her vart eventyrjenta i norsk kunst forma.
Dei gamle husa er samla rundt eit større tun, med den gamle vegen gjennom tunet. Husa er plassert i høve til kvarandre etter tradisjon og funksjon. Uthusrekka og innhusa, badstoge og smie noko bort frå dei andre husa på grunn av brannfaren. Det vert lagt vekt på å ta vare på husa og landskapet rundt slik det var.
I den eine enden av tunet ligg Galleriet som presenterer kunstnaren Anne Grimdalen, men ein del av hennar skulpturar er også plassert ute framføre galleriet.
I underetasjen på Galleriet finn du ei utstilling med måleri om Draumkvedet av Karl Erik Harr. I tillegg er det her årlege salsutstillingar med aktuell kunst frå heile regionen.
Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv.
Heimen til Anne
Om sumaren er det omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk får sjå korleis Anne levde og korleis livet var på ein fjellgard for 100 år sidan. Inventaret er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ha omvising i galleriet.
Anne Grimdalen (1899 – 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Hennar historie, frå oppveksten her på den avsidesliggjande fjellgarden Grimdalen, til gjennombrotet som kvinneleg kunstnar er nesten utruleg. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga, og vert rekna som den norske bilethoggaren som er representert med flest arbeid i utlandet.
Anne Grimdalen døydde i Oslo – 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennar samla.
Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier noko om kva kunstnarpersonlegdom Anne Grimdalen var.
Her kan du lese ein artikkel frå Magasinet Norske Hjem om Anne Grimdalen og Grimdalstunet.
Museet er ope i sommarsesongen.
Ta kontakt med for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: [email protected]
Tlf: 35069090