Fiske på Hallbjønnsekken

Publisert: 01.07.2020 19:07

Tokke kommune i samarbeid med dei andre grunneigarane til Førsvatn, Kjønnesvikvatnet og vesle Honsveigtjønn på Skafsåheia, har inngått avtale om fiskekortordning for desse 3 vatna.
For Kjønnesvikvatn skal ordninga evaluerast etter 2 år.

I tillegg gjeld fiskekortet for Hallbjønnsekktjønna.

Fiskekort

Du kan kjøpe fiskekort på www.inatur.no 

Du kan også kjøpe fiskekort med sms og trekk i mobilregning:

DAGSKORT
Send FISKEKORT ACK10 til 2377, kr 60,-

VEKEKORT
Send FISKEKORT ACK11 til 2377, kr 120,-

ÅRSKORT
Send FISKEKORT ACK12 til 2377, kr 240,-

Både Førsvatn og Kjønnesvikvatnet ligg tett ved bilveg og er lett å ta seg fram til. Det same gjeld Hallbjønnsekktjønna, der flugefiske kan vere eit alternativ. Tjønna er relativt lita, men har stor og fin fisk.

Det er berre lov å fiske med stong frå land, samt isfiske på vinteren.

Ulovleg sette fiskereidskap (garn m.m.) vert fjerna av fiskeoppsynet utan varsel og levert Tokke kommune.

Gode fisketips

Hallbjønnsekktjønna er ei lita tjønn med fin fisk, denne egnar seg godt til flugefiske.