Fiske i Seljord

Publisert: 01.07.2020 19:07

Det er storauren, eller haka-aure som han kallast lokalt, som lokkar . Vallaråi er eit av dei mest populære fiskeplassane, spesielt om du fiskar frå land med stong, men ver merksam på at det er fiskeforbod i gytetida frå midten av september til november.

Seljordsvatnet har ein bra bestand av storaure, og det jobbast aktivt med å utvikle fiskestammen, men steikefisk på 400-500 gram er nok likevel det vanlegaste. I vatnet er det òg godt med sik, samt noko abbor, røye og ål. Fiskekort til Seljordsvatnet får ein kjøpt hjå campingplassane i Seljord, Telesport på Telesenteret og på turistinfomasjonen.

På Lifjell er det mange gode fiskevatn med aure. Særleg gode vatn er Grantjønn, Deildtjønn, 1075 og Austre Damtjønn. Ved fleire vatn er det lagt ut båt og garn til utleige. Fiskekort og kart kan ein få kjøpt på turistkontoret.

Fiskekort:

Seljordvatnet
Dagskort 40,-
Vekekort 100,-
Årskort 225,-

Årskort familie 300,-

Lifjell
Dagskort 40,-
Vekekort 80,-
Årskort 200,-