Dyrskun i Seljord

Publisert: 13.05.2020 15:05

Dyrsku- eller Fesjåplassen i Seljord har fått navn etter ein lang tradisjon med husdyrutstillingar som strekk seg tilbake til 1866. Arkeologiske funn vitnar òg om at sletta var ein sentral stad i jernalderen, kor dei eldste funna kan daterast til perioden før Kristi fødsel.

Kvart år er det arrangement frå Mai til September på Dyrskuplassen. Det er alt frå vårmarknad, bil- og bobiltreff til forskjellige festivalar.

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku’n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n, som alltid startar 2. fredag i september!

Les mer om Dyrsku’n