Dalen Bryggjeutstilling med «Fotobonden»

Publisert: 05.06.2020 15:06

«Nærare naturen» med «Fotobonden»! 

På Dalen bryggje er det ei salutstilling med foto av naturfotograf Jostein Hellevik med motiv frå vakre Tokke.

Årets utstilling fokuserar mykje på gjestfridom og vil gje dei besøkande både levande og fotografisk møte med naturen som omsluttar oss.Utstillinga er veldig godt tilrettelagt for born med spennande aktivitetar med flotte premiar. Det vil også vere sal av naturbaserte produkt spesielt retta mot barn.

I same lokalet har også Vest-Telemark Museum ei flott kanalhistorisk utstilling som viser livet på Telemarkskanalen i gamle dagar.

Besøk nettside