Museumskafé Morgedal

Publisert: 01.07.2020 19:07

På grunn av korona-situasjonen vil det bli ein annleis museumsesong i år. Sommaren 2020 vil det vere eit enkelt, men godt tilbod ved museumskafeen. Det vert heimebaka kaker og elles enkel innpakka mat. Neste sesong satsar me på å vere tilbake i normal drift også ved kafeen til Norsk skieventyr.

—————————————————————————————–

Kafé som er kjend for sin gode, heimelaga mat til hyggelege prisar.

Kafeen på Norsk skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar. Me lagar all maten frå botnen på vårt eige kjøken, og brukar mest mogleg lokale råvarer. Hjå oss er kvalitet og god smak i høgsetet!

Me er viden kjende for dei heimelaga kjøtkakene og den omnsbakte fisken me serverer. Det same gjeld den gode, gamaldagse lapskausen vår. Og på sundagar er flesk og duppe vår hovudrett.

Ynskjer du berre noko lett i farten kan me freiste med nysteikte baguettar og salatar. Den gode angen av svele kjenner du med det same du kjem inn døra …! Dessertane og kakene våre er òg heimelaga, saftige og gode. Vår spesialitet er konfektkake, gulrotkake, ostekake og suksessterte. Dei to sistnemnde er glutenfrie!
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon

Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat held fram i dagens kafétilbod i Morgedal.

Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til 5-6 personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å nyte medbrakt mat om du ynskjer det.

Treng du mat til selskap eller anna? Me leverer mat til små og store hendingar.

Ynskjer du å ha selskapet på Norsk Skieventyr har me mange spanande tilbod.

For å få vita meir om vår catering/selskaps meny, ta kontakt med matansvarleg Tone F. Gjerjordet,
tlf. 480 28 949
Norsk Skieventyr (Morgedal), tlf. 35 06 90 80, [email protected] 

Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E-134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.